Testa cognac 18. desember 2015

Tesseron XO vart kveldens testvinnar saman med Remy Martin XO. Begge er testa tidlegare i LCC

Denne gongen tok vi inn 3 nye medlemar i cluben. Tradsjonen tru måtte dei nye gjennoom ein eigen test av ein drykk av ukjent merke og simplaste sort - ikkje cognac.

Denne drykken fekk karakteren 5, 2,5 og 2. Resultatet burde blitt 0 eller minuspoeng.

Før testen av cognac tok til hadde vi julebord med rakfisk, øl og akkevit. Årets heimebrygga juleøl vart sett fram for smaking.

Så til sjølve testen. Denne gongen hadde vi 6 cognac til testing.

Familie Vallenie Tarcinier
Snittkarakter: 3,7

S. De Fussigny xo fine champagne cognac
Snittkarakter: 4,1

Erling skakke vielle reserve de familie xo
Snittkarakter: 4,6

Remy Martin XO
Snittkarakter: 4,9

J.dupont cognac. Art deco xo
Snittkarakter: 3,7

Tesseron XO
Snittkarakter: 4,9

Testa cognac 8.5.15

Knepen testvinnar denne kvelden vart Hardy X.O. Fine Champagne med 0,1 poeng forran Cognac Hèritage Louis Vallet L50 (Chateu Montifaud), som kom på andre plass

Denne gongen var det jamnt i toppen. Måtte bruke 2 desimalar bak komma for å skilje mellom dei to beste.
 

L`Heraud Cuvèe 20
Pris: kr 725,-
Karakter: 3,25

 
Hardy X.O. Fine Champagne
Pris: kr 552,-
Karakter: 4,68
 
Cognac Reserve Spèciale Michel Vallet (Chateu Montifaud)
Pris: kr 650,-
Karakter: 4,1
 
Cognac Hèritage Louis Vallet L50 (Chateu Montifaud)
Pris: kr 2500,-
Karakter: 4,67
 

Testa cognac 06.02.15

Kveldens vinnar vart eigentleg Delamain Cognac Grande Champagne XO, men, forsiktig bedømming gjorde at Hennesy XO ikkje kom heilt til topps. Etter testinga var over, var det fleire som ville gitt den høgare karakter om den hadde blitt testa på nytt. Difor vart denne den moralske vinnaren av kveldens test

Under årets første samling var det sett fram 3 ulike cognac til testing. Testinga vart som vanleg gjennomført som blindtest med karakterar på ein skala frå 1 - 6. Det er lov å gje halve poeng. Testresultatet er gjennomsnittskarakteren.

 
Delamain Cognac Grande Champagne XO
Pris: kr 950,-
Karakter: 4,6
 
Peyrat Grande Champagne
Pris: Kr 791,-
Karakter: 3,7
 
Hennesy XO
Pris: 1.329,-
Karakter: 4,4
 
Kveldens siste test var nok den beste, men forsiktig bedømming gjorde at den ikkje kom heilt til topps. Fleire som ville gitt den høgare karakter om den hadde blitt testa på nytt.