Julemøte 19. desember 2014

Den siste fredag før jul har Leikanger Cognac Club sitt julemøte. Kvelden startar med smaking av årets julebrygg. Fleire av medlemane i LCC driv også med heimabrygging av øl, så det passar godt med ein smakstest av årets juleølproduksjon i bryggjehuset til Nils i Berlebakken.

Til middag blir det servert rakfisk med tilbehør etter lokale tradisjonar frå Lærdal. Håkon har ansvar for mat og tilbehør. Drikke til maten er øl og akkevitt.

I god tid før samlinga vert det bestilt inn cognac til testing. Til julemøtet i 2014 testa vi 5 ulike typar i ulike prisklassar.