Nyhende frå LCC
Møteplan for 2021
Det er lagt opp til følgjande møteplan i 2021:
Topp 14 i test
LCC har sidan 2010 og fram til dag testa 130 ulike cognacar. Kvar enkelt cognac kan får karakter frå 1 til 6, med 6 som beste karakter. Her er ein oversikt over dei 14 med best karakter så langt:
Testa konjakk: | Dato: | Bedømming |
Baron Ottard XO Gold | 14.09.2012 | 5,6 |
Cognac Vieux Superior | 09.06.2017 | 5,3 |
Hine Antique XO Premier crue | 14.09.2012 | 5,2 |
Camus Napoleon Rare Old | 22.04.2016 | 5,1 |
Leyrat X.O. Dom.De Chez Maillard Fins Bois | 02.03.2012 | 5,0 |
Normandin XO Ekstra | 14.09.2012 | 5,0 |
Tesseron XO Perfection Grand Champagne | 07.03.2014 | 5,0 |
Duquai double Wood XO | 01.03.2019 | 5,0 |
Tiffon Chateu Triac | 13.12.2019 | 5,0 |
Remy Martin Grand Campagne cru XO | 07.06.2013 | 4,9 |
Remy Martin XO | 18.12.2015 | 4,9 |
Tesseron XO | 18.12.2015 | 4,9 |
Rémy Martin 1738 Accord Royal | 01.03.2019 | 4,9 |
Braastad Cognac 1919 | 13.12.2019 | 4,9 |
Møteplan 2020
Det er sett opp følgjande møteplan for Leikanger Cognac Club 2020
14. februar
Det er planlagt cognacsmaking med Eva og Patrik Braastad på Restuarant Malin i Sogndal. Dette er ikkje ei ordinær samling
for Leikanger Cognac Club, men eit tilbod om å delta.
6. mars 2020
Vanleg medelmsmøte i Berlebakken kl. 20:00
8.mai 2020
Vanleg medlemsmøte i Berlebakken kl. 20:00
23.
oktober
Vanleg medlemsmøte i Berlebakken kl. 20:00
18. desember
Tradisjonelt julemøte med rakfisk og tilbehøyr, Berlebakken kl. 19:00
Det kan kome endringar i møteplanen. Møteplanen vert i så fall oppdatert.
Julemøte 2019
Årets tradisjonelle julemøte er 13. desember 2019. Som vanleg vert møtet opna med smaking av årets lokale juleøl produsert av medlemar i Leikanger Cognac Club.
Menyen er som før: Rakfisk med tilbehør og dessert (cognackake, kaffi og cognac)
Etter den tradisjonelle julemiddagen blir det test av cognac kjøpt inn under studieturen i Frankrike tidlegare i år.
LCC på studietur til Frankrike
I oktober 2019 tok Leikanger Cognac Club turen til Frankrike og besøkte cognachuset Tiffon på Chateau de Triac. Cognachuset er eigd og dreven av familien Braastad.
Vi fekk tre utbytterike dagar med m.a. omvisning på tønnemakeri, produkssjonlokala til familien Braastad og eit lite lokalt cognachus (Michel Forgeron).
Det vart sjølvsagt godt med smaksprøvar av både Tiffon, Braastad og Forgeron.
På bildet ser vi eit typisk lagerlokale for cognac med svarte veggar. Dei svarte veggane kjem frå ein sopp som levere av alkohol som fordampar frå eikefata som cognac-en vert lagra på.
Møteplan 2017
Topp 12 liste over testa cognac
Etter 80 testa cogncar har vi ei toppliste klar. Den observante lesar ser at tre av dei på topp har bedømminga svært god. Dette var før vi la om bedømminga til poengskala med ein snittkarakter som resultat.
På sikt må Leikanger Cognac Club ta ein test av topplista for å finne den beste av dei beste.
Nr. | Testa konjakk: | Bedømming |
32. | Baron Ottard XO Gold | 5,6 |
31. | Hine Antique XO Premier crue | 5,2 |
79. | Camus Napoleon Rare Old | 5,1 |
19. | Leyrat X.O. Dom.De Chez Maillard Fins Bois | 5 |
29. | Normandin XO Ekstra | 5 |
53. | Tesseron XO Perfection Grand Champagne | 5 |
40. | Remy Martin Grand Campagne cru XO | 4,9 |
73. | Remy Martin XO | 4,9 |
75. | Tesseron XO | 4,9 |
1. | Soerli XO | Svært god |
4. | Bache Gabrielsen Thomas XO prestige | Svært god |
11. | Delamin XO, grand champagne Pale and dry | Svært god |
Medlemsmøte 2016
Julemøte i Leikanger Cognac Club
Fredag 18. desember har Leikanger Cognac Club sitt årlege julemøte i Berlebakken. Det er 15 påmelde til årets siste samling. Det er sett opp følgjande program for kvelden:
Møteplan 2015
Nyttig informasjon om Cognac
På bloggsida CognacFan.bloggspot.no finn du mykje god informasjon om Cognac. Her kan du m.a. finne testar av dei beste cognackjøpa under kr 700,- i 2014 eller dei beste kjøpa frå Petit Champagne eller Grand Champagne i 2014. Vel vert å sjekke denne bloggen med jamne mellomrom.
Møteplan 2014
Dei 10 beste cognackjøpa i 2012
Utval og vurdering
Alle cognacane som juryen har smaka er vurdert. Alle var tilgjengeleg i Norge i fjor og kosta under kr 1000 for ei 70 cl flaske. Kvalitet er vurdert opp mot pris. Det er derfor mogleg at ein cognac av lågare kvalitet vil utkonkurrere ein dyrare og betre cognac.
Dei beste konjakkane
På nettstaden CognacWiki har publikum høve til å stemme på den beste konjakken. Her er ein link til nettstaden som viser dei 20 beste konjakkane etter avstemming frå publikum.
Oversikt over alle cognacklubbene i Norge
CognacFan.no har utarbeidd oversikt over alle cognacklubbar i Norge og kartfesta dei.
Møteplan for hausten 2013
Test av luksus cognac 2008
Desember 2008 hadde Dagbladet ein test av "luksus" konjakk. Best i test vart Braastad extra med 95 poeng av 100 moglege.
Dagbladet testar cognac
Dagbladet har testa dei 20 mest selde konjakkane.
Auka medlemsavgift
Medlemsavgiften i Leikanger Cognac Club er auka frå kr. 500,- pr år til kr. 1.000,- pr år gjeldande frå 2012.
Møteplan 2012
Det vert lagt opp til følgjande møteplan for 2012:
Møteplan 2011
Det vert lagt opp til følgjande møteplan for hausten 2011:
Fredag 09.09.11 kl 20:00
Fredag 02.12.11 kl 20:00
Avvik frå oppsett møteplan kan skje. Det vil bli gitt melding om dette via e-post.
Alle møta vert haldne i Berlebakken (Kulturhuset til Nils Henjum i Njøsavegen på Hermansverk)
Stor test av cognac
Alle konjakkane i testen er blandt dei mest kjende merka. Dei høyrer til gruppa V.S, V.S.O.P eller X.O.
Kva er Cognac?
Konjakk er druebrennevin som kjem frå
området med same navn (Cognac) i Frankrike. Brennevinet er regulert av eit komplisert reglement. Alder, fatlagring, druer og kva område i Cognac som er med i ein blanding avgjer om det vert ein X.O eller hamnar i ein annan kategori.
Rangering
Alle konjakkane i testen er rangert. Alle cognacane stiller i same kategori, men du vil sjå av resultata at det ikkje er tilfeldig at XO hamnar øvst på lista.
Testen finn du her
Møteplan
Det er sett opp følgjande møteplan for hausten 2010:
Fredag 3. september
Fredag 5. november
Desse møte vert som vanleg haldne i gamlehotellet på Hermansverk
I tillegg kan det verte aktuelt med eit
julemøte fredag 3. desember. Dette møtet vil vere aktuelt å ha i Sogndal.
Nyeste kommentarer
min mail er tore@torek.no
Til Tore Knapskog.
Kan jeg få mailen din så kan jeg sende billeder af den.
Min mail er : dolphinsport@live.dk
Aldri hørt om. Det finnes en 1899-1999 i anl 100 års jubileet og en 1905-2005 i forbindelse med unionsoppløsningen til Norge
Hej jeg har en braastad 1879 - 1979. Er der nogen der ved noget om den ?