Leikanger Cognac Club sin grunnidè
Leikanger Cognac Club (LCC) er ei samanslutning der det viktigaste målet er å tileigne seg kunnskapar om framstilling og nyting av cognac innafor ei hyggeleg og fordomsfri sosial ramme.
LCC vil bestå av inntil 10 medlemar som alle er opptekne av å oppmuntre til, og delta i aktivitetar som kan medverke til å realisere det gode liv.
Medlemskap i LCC føreset ein genuin interesse for å lære meir om cognac som kulturdrikk, samt ambisjonar om å utvikle si evne til å praktisere nyting av denne drikken i ulike sammenhengar - til glede både for seg sjølv og sine omgevnader.
Medlemane har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, men felles for alle er at vi liker cognac og ønskjer å utvikle våre evner til å bestemme ulike typar og lære meir om historie, geografi, råstoff, produksjon, lagring og sal knytt til dette franske druebrennevinet.
Leikanger Cognac Club vart stifta 12. mars 2010. Læring om cognac og utvikling av evna til å vurdere ulike typar vil stå sentralt på våre møte. Det er planlagt fem-seks samlingar i løpet av året. Kvar gong skal tre – fire typar cognac prøvesmakast og vurderast i henhald til bestemte kriterium.
|
Nyeste kommentarer