Julemøte 16.12.16
Til stades: Nils Tore, Stein, Håkon, Nils Magne, Stein Magne, Frode, Paal, Nils, Jack, Ivar, Olav, John, Jon Håkon og Ole.
Det heile starta med tradisjonell samling ved grua i Berlebakken til god smak av «heimabrygg og garasjebrygg».
Vi flytta opp til Berlebakken-stova Ein fantastisk rakfisk med tilbehør inkludert akkevitt auka den gode stemninga endå eit hakk. Før dei 4 konjakkane skulle testast vart det kaffi m/ konjakkekaker og ostekaker. Nokre - utan å nemne namn – meinte nokon at vi berre kunne smaka utan å gi poeng – men vart kraftig avvist av fleirtalet utan at stemninga datt av den grunn.
Kveldens cognac til testing var:
Daniel Bouju Napoleon
Dudognon Heritage Grand Champagne
Ragnaud-Sabourin 1989
Maxime Trijol Extra Grand Champagne
Ikkje ulikt Leikanger Cognac Club var kveldens vinnar i testen også den rimelegaste. Den aller dyraste kom på ein god andre plass, ikkje langt unna gullplassen.
Medlemsmøte 9.9.16
Dette vart eit ekstra møte då vi måtte avlyse turen til Friksdalen helga før. Det var eit godt oppmøte og god stemning denne kvelden.
Til stades: Frode, Nils Magne, Roar, Paal, Ivar, Ole Ingar, Olav, Nils, John, Stein, Stein Magne, Jon Håkon og Håkon.
Vi begynte kvelden med ei høgtidsstund der vi smakte på tidlegare innjkøpte 100-åring. Sjå nærare omtale av denne frå medlemsmøtet 22.4.16.
Følgjande kommentarar kom under smakinga av 100-åringen:
- Dinna va udryg
- Hadde god ettersmak
- Ikkje vist i å gje poeng
- Dei som trakka desse druene er ikkje lenger i blant oss
- Må drikkast med andakt
- Tenk på unionsoppløysinga i 1905. Så gamal er dinna.
- Skeptisk til så lang lagring på eikefat - nokon kan ha pissa nedpå.
- Tenk kara, dinna har overlevd 2 verdenskrigar
- Luktar godt.
Så kom turen til ein 50-åring, også denne kjøpt inn på auksjon. Dette var ein Chateu Triac. Vart smaka på utan bedømming, men enkelte kommentarar kom også her:
- 100-åringen var betre
- Det er ikkje alltid dei yngste er best. Det har vi erfart i kveld.
Møte 22.04.16
Oppmøte: Stein, Frode, Olav, Nils Magne, Ole, Roar, Håkon, Ivar og Stein Magne
Denne kvelden hadde vi 4 ulike cognac til testing. Det var følgjande:
- Birkedal Hartman Christian Frederik Cognac XO
- Dividoff V.S.O.P.
- Normandin Merier Vieille Fine Champagne
- Camus Napoleon Rare Old
Til kveldens møte hadde vi fått tilbod om å kjøpe inn eit parti på 3 flasker cognac av eldre årgang. Med på kjøpet skulle vi med eit Larsen vikingeskip. Prisen for det heile kom på 7000,- og Leikanger Cognac Club slo til. Vi kjøpte føkgjande cognac:
- Braastad Cognac 100 Ans de Liberte
- Cognac Vieux Superieor
- Chateau Triac Reserve de
la Famille
- Larsen Fine Champagne Cognac vikingeskip i gull
Les meir om testinga under testar
Julemøte 18.12.2015
Oppmøtte: Ole, Olav, Stein Magne, Nils Tore, Nils Magne, NIls, Ivar, John, Håkon, Geir, Henning, Frode, Roar, Stig Jonny, Stein og Paal.
Tradisjonen tru avslutta vi cognacåret med tradisjonelt julebord i Berlebakken. Må menyer hadde vi rakfisk, øl og akkevitt tilberedd av Håkon Nesse. Eit lite vorspiel i bryggjekjdlaren til Nils med smaking av årets juleøl stod også på programmet.
Denne kvelden tok vi inn 3 nye medlemar i cluben. Velkomen til Nils Tore, Roar og Frode. Tradsjonen tru måtte dei nye gjennoom ein eigen test av ein drykk av ukjent merke og simplaste sort - ikkje cognac.
Denne drykken fekk karakteren 5, 2,5 og 2. Resultatet burde blitt 0 eller minuspoeng.
Denne gongen hadde vi 6 cognac til testing.
- Familie Vallenie Tarcinier
- S. De Fussigny xo fine champagne cognac
- Erling skakke vielle reserve de familie xo
- Remy Martin XO
- J.dupont cognac. Art deco xo
- Tesseron XO
Samling 8. mai 2015
Til stades: Nils, Nils Magne, Ivar, Ole, John, Jon Håkon, Olav, Håkon og Stig Jonny.
Samling 6. februar 2015
Til stades: Nils, Nils Magne, Ole Ingar, Stig Jonny, Geir, Olav, Jon Håkon, Ivar, Stein Magne.
Julemøte 19.12.14
Til stades: Ole, Stein, Paal, Håkon, Ivar, Nils, Stein Magne, Nils Magne Olav, John Fredrik, og Jon Håkon.
Møte 5. september
Frammøtte: Nils, Håkon, Stig Jonny og Ole.
Møt 9. mai 2014
Følgjande deltok på vårmøtet 9, mai 2014:
Møte 7. mars 2014
Følgjande møtte: Ole, Stein, Paal, Håkon, Ivar, Nils, Stein Magne, Nils Magne, Olav og Jon Håkon.
Julemøte 20. desember 2013
1. Le Reviseur X.O.
2. Courvoisier X.O.
3. Martell X.O.
4. Chateau Montifaud Millesime
Møte i LCC 4.10.13
Følgjande møtte:
Møte i LCC 7.6.13
Møte i LCC 5.4.2013
Møte i LCC 1.2.2013
Det var møte i Leikanger Cognac Club fredag 1. februar 2013 på fast samlingsplass i Berlebakken. Følgjande cogncac vart testa:
Møte 14. september 2012
Følgjande var til stades:
Samling 4. mai 2012
Følgjande var stil stades:
Samling 13. januar 2012
Tilstades: Ole Ingar, Ivar, Geir, Collin, Håkon, Stig Johnny, Steinar, Nils
Frå og med første samling i 2012 er det innført poengskala på vurdering av
konjakkane som vert prøvesmaka. Poengskalaen går frå 1 til 6. Følgjande sortar vart prøvesmaka:
HINE ANTIQUE XO
Grand Cru, XO
REMY MARTIN VSOP
Armanian MANE
Cognac XO
Bedømminga kan du sjå under testar
Neste møte vert fredag 2. mars der det også vert årsmøte. Aktuelle saker til årsmøtet:
- Val
- Medlemsavgift
- Innkjøpsregler for enkeltinnkjøp
- Møtefrekvens
- Studiereise
- Måleberg 4 cl
- Heimeside som syner kva vi har prøvd
Møte 6. mai 2011
Tilstades: Ole Ingar, Geir, Stig Johnny, Stein, Paal, Henning, Collin.
Minner om innbetaling av medlemsavgift avgift kr 500,- til knt 3705.1767.412
Prøving av dagens sorter:
Delamin XO, grand champagne Pale and dry
Fyldig. God smak og ettersmak :-)
Frapin, Johannes Malling, grand champagne,
Godt alternativ til Backe XO. Mild å drikke. Egna i kvinneleg selskap :-!
Prunier XO
Fyldig, fruktig, med lang ettersmak. Truleg best saman med ein god sigar God :-!
Deluize, reserve grand champagne XO
Søtlig med smak av mandel. Truleg god til kaffe med tilbehør. :-! minus
Møte 4. mars 2011
Tilstades: Ole Ingar, Geir, Stig Johnny, Svein, Collin, Paal, Håkon.
Medlemsavgift betalast på knt 3705.1767.412
Prøving av dagens sorter:
Braastad XO fine champagne
Heilt grei til gjestane :-!
Eau de Vie, V.S.O.P
Ikkje vurdert.
Møte 28. mai 2010
Tilstades: Ole Ingar Hagen Hæreid, Svein Røysum, Stein Vangsnes og Geir Lyngaas
Leiar orienterte om at kontingenten er fastsett til kr 500,- pr år, med eit tillegg på kr 20, pr pers for leige av lokale. Det kan bli aktuell å auke årskontigenten.
Dei neste møta vert fastsett til første veka i september og første veka i november. Der er i tillegg a ktuelt å ta eit julemøte på kinahuset i Sogndal, der eigar har stor interesse for Cognac og har sjølv ei stor samling.
På møta frametter verte det karakterfesting i samband med Cognacsmakinga. Resultat vert lagt ut på heimesida, sjå under fana testar.
Leiar utfordrer Bjørn og Stig Johnny til å ta med nye sortar neste gong.
Stiftingsmøte
Leikanger Cognac Club vart etablert på stiftingsmøte den 12. mars 2010. Møtet var i "Gamlebanken" på Hermansverk. Dette vil vere LCC sine faste møtelokale.
På stiftingsmøtet var følgjande medlemer til stades:
Ole Ingar H. Hæreid
Kai Lille-homb
Henning Rivedal
Stein Vangsnes
Stig Jonny Buvik
Møtet starta med ein formell del med godkjenning
av verdigrunnlag, vedtekter og val av styre.
Kai Lille-homb holdt eit fagleg innlegg om området Cognac i Frankrike.
Etter den formelle delen av møtet var unnagjort var det prøvesmaking av ulike tyapr cognac.
Denne kvelden vart det ikkje gjort bedømming. Følgjande cognac-ar vart smakt på:
Delamain Single Vineyard Collection
Bache Gabrielsen 3kors
Bache Gabrielsen Pure Rustic
Bache Gabrielsen XO
Ragnaud -
Sabourin XO no1
Frapin V.I.P. XO
Nyeste kommentarer
min mail er tore@torek.no
Til Tore Knapskog.
Kan jeg få mailen din så kan jeg sende billeder af den.
Min mail er : dolphinsport@live.dk
Aldri hørt om. Det finnes en 1899-1999 i anl 100 års jubileet og en 1905-2005 i forbindelse med unionsoppløsningen til Norge
Hej jeg har en braastad 1879 - 1979. Er der nogen der ved noget om den ?